Jubileumsbok for SUB til 50årsjubileet i 2012? Da trenger vi DIN hjelp!!

Vi trenger din HJELP, dine TIPS, og ikke minst: dine BILDER!!!

Jubileumsbok under produksjon

I 2012 fyller SUB 50 år, og det vil bli fantastisk med ei jubileumsbok! Me trenger di hjelp til å laga boka! Det store engasjementet mange medlemmar har og har hatt i SUB har gjort klubben til noko heilt spesielt. Det har òg ført til at mange har ein genuin kjærleik til klubben. Dei har blitt ein subbar.

Me synest at både SUB og subbarane fortener ei bok. Siktemålet med jubilumsboka er å “fanga klubben si sjel”. Dvs. å gje eit bilete av både SUB og subbaren og korleis SUB og subbarane har endra seg gjennom desse femti åra. Vi ønsker å skildra folk, hendingar og epokar som har gjort SUB til den unike klubben den er. Samstundes så er det eit siktemål at boka skal vera eit historisk dokument som kan takast fram for medlemmar om nokre tiår, og vonaleg gje eit bilete av klubben og subbaren. SUB er klubben som rommar det meste. Det nærmar seg 50 år med fantastiske opplevingar, spaning, absurde situasjonar, dramatikk, kjærleik, men kanskje mest av alt vennskap og entusiasme.

SUB treng di hjelp for å få samla dette i ei bok. Det er satt ned ein redaksjon som er i gang med rammeverket til boka. Redaksjonen treng hjelp til å spora opp kontaktinfo til gamle subbarar, skriving av artiklar, idear, historiar, innsamling av bilete, gjennomgang av arkivet, layout, intervju med meir.

Me ventar på innspel og tilbakemelding frå deg!

Ta kontakt med oss i redaksjonen!!

PS. Vi trenger bl.a. en “researcher” som kan prøve å lage en oversikt over tidligere styremedlemmer og medlemmer i SUB. Det er ikke sikkert en fullstendig medlemsliste er mulig, men en del informasjon foreligger allerede (bl.a. i tidligere ugave av medlemsbladet NfS og årsmeldinger). Arbeidet krever ikke at du har vært medlem lenge i SUB, så her kan gjerne noen av de nye bidra!! Ta kontakt med Ane (se over)!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *