Årsfest og auksjon 28.01.2012

Kjære SUBmedlemmer!

Sjølv om vi i år skal ha ein prangande 50-års markering av SUB i mars, synes vi i styret det er på sin plass med ein uoffisiell årsfest likevel. Med uoffisiell meiner vi at ein sjølv tar med seg drikkevarer, medan vi i styret kjøper inn litt smått og godt å ha attåt for eit lite gebyr på 25 kr.

Men ikkje nok med at det blir litt festligheter, vi skal også ha ein storslått auksjon med både brukt og heilt nytt dykkerutstyr, kan love ivertfall ei ny drakt! Så her er det berre å møte opp og kanskje få med seg ein godbit heim! Kjem tilbake med kva utstyr som vil bli auksjonert bort i snarleg framtid.

Festen i år blir halden på Dykkerutdanningen i Skålevik, og i den forbindelse er det også mogleg å få med seg ei omvisning for den som måtte ønske dette.

Oppsummert er detaljene slik:
Kva: Årsfest og auksjon, muligheter for omvisning
Når: 28/1-2012, klokka 18.00 til ut i dei små timer
Kvar: Dykkerutdanningen, Skålevikveien 60, 5178 Loddefjord (buss 5 fra sentrum til Loddefjord, buss 45 fra Loddefjord til Skålevik)
Kostnad: 25 kr per pers.
Ta med: Eigne drikkevarer

Eit godt utvalg som skal auksjoneres:

  • Dykkedrakt og vams fra Trelleborg, Waterproof D7-Pro + fourth element vams og fourth element baselayer (butikkpris 15500 kr) Starter på 7000 kr
  • Heilt ny Poseidon neoprendrakt str. M. Starter på 900 kr
  • Dykkedrakt fra Nemo
  • Våtdrakter str. S, M og L (butikkpris 5000) Starter på 2000 kr
  • Typhoon vams str. M og L
  • Scubapro vams str. L
  • Coltri svømmeføtter (butikkpris 850) starter på 400 kr
  • Undervannslykter
  • Retro scubapro dykkemaske
  • 2 stk Fenzy-vest starter på 400 kr
  • 3 badekåper fra logo fra DFS starter på 500 kr
  • 2 stk dybdemålere med KNM gravering, finnes ikkje lengre, starter på 500kr
  • Amerikansk militær bajonettkniv
  • Vanntette bager
  • Håndbok for dykking, SUP 13, signert, starter på 200 kr
  • Diverse fjellstøvler og klatresko, herrestørrelser, Asics, Alpina, Asolo, Lamar
  • Diverse jakker til dame og herre
  • Lowe Alpine sekk og lue
  • Maglite stor og medium
  • Hodelykter

Håper dykk ser noko av interesse, masse flotte ting vi har fått samla inn!

Følg med på Subnett for meir detaljer rundt auksjonen!

For styret,
Gjertrud Øvstetun

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *