Category Archives: jubileum

Forhåndskjøp SUBs jubileumsbok nå!

Som du kanskje veit så blir det gjeve ut ei bok i samband med SUB sitt 50-års jubileum i mars 2012. Klubben ynskjer at flest mogeleg interesserte tingar boka no!

Når ein gjev ut bøker så er det slik at kostnadane kjem tidleg, men inntektene ikkje kjem før boka blir solgt. Det er eit stort økononomisk løft å gje ut boka. Dette løftet blir litt lettare om me får selt flest mogeleg bøker på førehand. Tingar du boka no så hjelper du såleis klubben du er så glad i!

What`s in it for you?
Boka blir prenta eit lite opplag. Det blir garantert ikkje noko opplag nummer to. Tingar du no så er du garantert å få boka. Dersom du skal på festen så får du boka der. Er du student med dårleg råd? Tingar du boka no så får du fordelt utgiftene over to semester. Slik kan du få råd til å ha det ekstra festleg på jubileumsfesten. Er du ein gamal subbar med god råd? Betalar du boka no så får du redusert formuen din og sparar formuesskatt! Har du problem med kva du skal gje in subar i gåva? Tingar du boka til han har du løyst problemet ditt. Sist men ikkje minst så får du den gode kjensla av å ha hjelpt positivt til utgjevinga av boka. Dette utan at det kostar deg noko ekstra, for boka skal du jo ha uansett!

Boka blir på rundt 200 sider stive permar, fullfarge og med mange bilete og artiklar som dekker mange av høgdepunkta frå stiftinga i 1962 til i dag. Prisen per stk er 350 eks. frakt eller 380 inkl. frakt. Du tingar boka ved å betala 350/380kr per stk til SUB sin konto, 3624 56 74737. Merk betalinga med namn og “kjøp av jubileumsbok” + antall. Skal du ha boka tilsendt så må du oppgje adressa.

Spørsmål om forhåndskjøp av boka kan rettes til kasserer.

Mvh SUBstyret og redaksjonen!

reklame_jubileumsbok