Tag Archives: subtur

Hausttur til Kvalheim fritid

Da var vi endelig klar for ein ny subtur, denne gang til Kvalheim Fritid på Radøy!


Vis større kart

Vi reiser fredag 25. september litt utpå ettermiddagen, og kjem heim søndag 27. september utpå ettermiddag/kveld.

På Kvalheim har vi 3 rorbuer, ivertfall to av dei har flotte boblebad utandørs, noko vi dykkarar treng etter ein fantastisk dag i sjøen:-)

Vi har 30 sengeplasser, så her er det førstmann til mølla!

Fredag vil gå med til pakking på garasjen, reise til Radøy, og plassering av ting og tang, er vi ekstra effektive kan det hende dei fyrste heldige også kan ta seg eit nattdykk.
Lørdag morgon prøver vi komme oss opp noko lunde tidleg slik at vi får starta på dykkeaktiviteten, og til matauken som vi skal bruke under fellesmåltidet seinere på kvelden. Når folk har fått dykka seg ferdig, er det god mat som står på menyen, og i typisk substil vil det nok også vera plass til litt flytende føde:-) Hugsar vi boomblasteren vår blir dert nok ein bra fest!
Søndag er vi nok alle litt slitne etter ein flott lørdagskveld, men om tilstanden tilseier det kan det vera at nokre vil hoppe i sjøen også denne dagen. Rydding og vask av hytter står så på programmet før det er retur til byen og kvardagen igjen.

Prisen på herligheten blir ca. 650, litt avhengig av kor mange vi blir.
Prisen inkluderer transport til og fra Kvalheim, overnatting, fellesmåltid lørdag, og mykje godt sosialt samvær 🙂

Om du leiger utstyr, kjem dette utanom.

For å få vera med på denne kjekke turen, må du:

  • Møte på Hectors hybel onsdag 16. september kl. 1900
  • Ta med 400 kr til depositum
  • Vera medlem av SUB
  • Ha godt humør 🙂

Da snakkes vi på påmeldinga!

For turkomiteen,
Gjertrud Øvstetun

Pinsetur – Herdla Gård

Da er vi klare for dykketur igjen, denne gangen til Herdla gård, 29/5-1/6.
Vi leiger ei rorbu og ein vaktmesterbolig med 12-14 sengeplasser, fine og greier einingar!

Vi har denne pinsen valgt å reise til nærmiljøet vårt, dette fordi vi håper at den nye flotte Polarcirkelen vår kan gi oss god dykking på ukjente plasser på turen:-)

Prisen på turen vil ligge mellom 700 og 800 kr, avhengig av kor mange vi blir, dette inkluderer overnatting, tur/retur, eit fellesmåltid, og mange fine dykkeopplevelser!

for å få vera med på tur må du:

  • møte på Hectors hybel onsdag 20/5 kl. 1900
  • ha med 500 kr til depositum
  • ha betalt medlemsskap
  • stille med godt humør:-)

Reiseplan og anna vil vi komme tilbake til etter påmeldingen.

Har du spørsmål om reisemål eller anna, send ein mail til meg:-)

For turkomiteen,
Gjertrud Øvstetun

Her er noen bilder av vaktmesterboligen og rorbuene:

AVLYST! Påsketur til Skippervika, Bømlo 8.- 13. april!

AVLYST! pga for få påmeldte.

Da er det klart for ny tur, denne gangen til Skippervika sør på Bømlo, 8.-13. april.

www.skippervik.no

Vi leiger eit hus med badstu, deilig for kalde kropper etter friske dykk. Er vi heldige er ikkje algeoppblomstring nr. 2 begynt i sjøen, og vi får fin dykking. På sjøkartet kan ein finne både djupe og grunne områder.

Vi tar med oss båt og kompressor, og virkelig storkoser oss! Vi reiser onsdags ettermiddag når alle er ferdig på jobb, og vi får det til å stemme med ferjer, påfølgende mandag vasker vi ut av hytta og tusler av gårde til byen igjen når vi er klare for det.

Prisen vil ligge på rundt 1300 kr, dette inkluderer 5 overnattinger, mat to dager, tur/retur med bil, bom og ferje, drivstoff til båt og mykje dykkeglede 🙂

For å få vera med på tur må du:

  • stille på garasjen mandag 30/3 kl. 1900
  • ta med 600 kr i depositum
  • ha betalt medlemsavgift

For dykk som ikkje har eige utstyr, vil draktleige komme i tillegg til pris.

Mandagen slår ein to fluger i eit smekk, ved fyrst å få seg nøkkelkort, så melde seg på tur, så sett av kvelden allerede no!

For turkomiteen,
Gjertrud