Samtlege elevar har no bestått teorieksamen, og vi gjer oss klar til dei første sjødykka til helga!
Sidan grunnkurset er eit av dei største tiltaka til nytilskot i klubben, ser vi viktigheita med å få dei nyutdanna tidleg i sjøen. Nytt i år er at elevane på nybegynnarkurset får to bassengdykk, og moglegheita til å dykke gratis på klubbdykk to veker etter endt eksamensdykk. Totalt 16 dykk.
Andre dag med bassengdykk gjekk føre seg i det flotte bassenget på Studentsenteret! Her fekk elevane ein ekstra dag til å trene på oppdrift med tørrdrakt.
Bileta talar for seg! 🙂
Bileter: Vegard B. Sandvik
Mvh. Ingeborg Runde
Instruktør
[nggallery id=10]