Søndagsdykket går til Begonia i Flåm

Hei alle Subbere!

Har følgt med på yr.no ang værmelding i Flåm denne veka og det viser seg at det ikkje skal vere noke nedbør, bortsett frå litt på søndag. Det kan vere positivt med tanke på sikt. Lite ferskvatn som renn ut i fjorden.

I den anledning vil helgas søndagsdykk gå til Begonia i Flåm. Sida det vil bli litt lenger reise enn på eit vanlig klubbdykk vil organiseringa bli litt annerledes. Vil dermed kopiere den vellykka oppskrifta Gunnar hadde på søndagen når vi var på Afrika. Må beklage at det blir 2 lengre reiser på rad på eit søndagsdykk for dei som ikkje liker det, men føler at sikta må utnyttast på ein slik plass.

  • Pris: 150kr
  • Avreise fra garasjen: kl 09:30
  • Påmelding innen fredag kl 15.00.
  • Sertifisering for dykking anbefales til minst 30m.

copyright © Geir Andrè Nummedal

Karen og DS Afrika - copyright © Geir Andrè Nummedal

Med mindre noken er villig til å stille med eigen bil blir antall dykkere begrensa til antall sitteplasser i Subus. Om eg ikkje får på plass ein som er sertifisert til å kunne bruke stor henger, må den minste hengaren benyttes.

Dybden på vraket er fra ca 8-36m. For dei som dykker nitrox kan det lønne seg å ta en tur innom nitroxfyllingen denne veka og få seg ei god 32% blanding. Det er nitroxfylling idag kl 18.00 og fredag 18.00. Kombiner det med dugnaden ikveld 🙂

Les meir om vraket på Dykkepedia.
http://dykkepedia.com/wiki/Begonia

Snakkes på søndag,
Richard (mob. 957 31 547)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *